Bømlo Hundepensjonat

Eit heim borte frå heimen

Bømlo Hundepensjonat held til på Moster, i vår eigen heim. Her ønskjer me å tilby eit trygt, roleg og personleg opphald for hundegjestene våre.

Tre eigne hunderom

Pensjonatet består av tre eigne rom til hundegjestene våre. Kvar hund har sitt eige rom der den søv om natta, får kvila og kan trekkja seg tilbake når den ønskjer ro. Sidan me berre har tre rom, tek me imot få hundar om gongen. Det gir oss god tid til kvar enkelt hund og moglegheit til å bli godt kjent med hunden sine behov, vanar og personlegdom.

Ein del av familielivet

Når hundane er hos oss, bur dei saman med oss og blir ein del av den vanlege kvardagen og familielivet vårt. Hundar som trivst saman med andre hundar er de vi tar inn no, pga alle bur i et hus.

Turar og uteområde

Moster byr på mange flotte turmoglegheiter, med natur, skog, sjø og fine turstiar i nærområdet. Hundane får turar og aktivitet tilpassa alder, form og individuelle behov. Me har òg ein romsleg hage, der hundane kan få vera ute og kosa seg.

Individuell oppfølging

Ingen hundar er like. Nokre ønskjer mykje aktivitet og selskap, medan andre treng meir ro og tid for seg sjølve. Me legg stor vekt på å tilpassa opphaldet til kvar enkelt hund, slik at den skal kunna kjenna seg trygg og ha det godt hos oss.

Eit heim borte frå heimen

Hos Bømlo Hundepensjonat skal hunden få meir enn ein plass å sova medan familien er vekke. Her får hunden omsorg, selskap, turar, aktivitet, kvile og ein kvardag saman med oss. Bømlo Hundepensjonat – eit heim borte frå heimen.

Send en bookingforespørsel!

Reserver plass for ditt kjæledyr i god tid, slik at du er sikker på en plass til ferien.